Arne & Vidar B. Mæland

Skulpturer og Malerier

Wendelboe

Arne Mæland (1950)

Arne Mæland, fødd i Etne, han har atelier både i Os og i Italia. han har driv og Galleri Solbakkestova på Os I lag med sonen Vidar Bratlund-Mæland.

Han arbeider med skulptur i bronse, marmor og med maleri i eit allsidig formspråk som spenner frå det naturalistiske til det abstrakte. I dimensjon varierer verka frå stauett til statue, frå små lysrelieff til kyrkjeutsmykking. I Bergen er han nokk mest kjent for skulpturane "Livet, leiken og draumen" i Solheimsvika, "Mennesket" også kjent som "uteliggeren" og "ventande jente" utanfor Mc Donalds på Torgalmenningen.

Mæland er lærar av utdaning, men arbeider som heiltids kunstnar sidan 1992. Han har hatt mange store offentlege og private oppdrag i Noreg og i utlandet. Arne Mæland er initiativtaker til og leiar for dei internasjonale skulptursymposia i Os, med kunstnarar frå heile verda.

www.arne-art.no

Vidar B. Mæland (1978)

Vidar Bratlund-Mæland er skulptør og biletkunstnar som jobber ut frå Galleri Solbakkestova i Os utanfor Bergen. I Solbakkestova har han atelier så vel som fast utstilling. Der finn ein og verka til Arne Mæland.

Han hadde sitt fyrste skulpturoppdrag i 1994 og har jobba aktivt sidan då. Sidan 2005 har jobba på heiltid med kunsten. Hovedvirke har vore oppdrag av skulptur og maleri. Han har gjort fleire leikeskulpturar, forsvarsminnesmerke og minnesmerke av lokale kulturpersonar.

Han mest kjend hans skulptur av Varg Veum i Bergen. Han har og utgitt 5 barnebøker, 5 julehefter og 3 lengre teikneserier.

www.epiphany.no