Bjørn Strandenes

Separatutstilling

Wendelboe

Billedkunstner Bjørn Strandenes
Tekst av Jan Nyberg, tidligere kulturredaktør i Bergens Tidende.

Bjørn Strandenes er ein gammaldags - og moderne målar.
Det står respekt av ein relativt ung kunstnar som så konsekvent held fast på det gammaldagse måleriet, om enn i eit moderne formspråk.

Då 1800-talsmålaren Peder Balke vart vist fram på si første store, internasjonale utstilling i London National Gallery i 2014, var det 250.000 som besøkte utstillinga. I Norge er Peder Balke knapt kjent. «Ein av den moderne kunstens forløparar», skreiv ei britisk avis etter utstillinga. Peder Balke var i ein periode elev av JC Dahl i Dresden, og hadde nok plukka opp eit og anna om lys og mørke frå den gamle lyskunstnaren Dahl. «Painter of northern light», skreiv andre britiske aviser etter utstillinga hans i London.

Det er er noko av det same Strandenes driv på med.
«Painter of northern light».

Med ein begrensa fargepalett prøver Strandenes å fange lyset. Balkes finnmarksbilde og Strandenes’ vestlandsbilde er i slekt.
Dei er også i slekt med sunnmøringen Olav Strømmes bilde frå 1960-talet. Ein kunstnar som i ein ekspresjonistisk stil og i symbolsk form ville uttrykke «menneskets reise i det ytre og indre rom», som ein kunstkritikar formulerte det.
Mange av Strømmes bildeformat er rektangulære og sterkt avgrensa til ein billedkoloritt i svart, grått, oker og gyllent, med ei raffinert overflatebehandling. Mykje av det same kan seiast om Strandenes’ bilde. I Strandenes’ bilde er dei følsomme, men særdeles vanskelege blåtonane, i jazzspråket kalt «blue notes», gitt ei ekstra tyngde.

Bjørn Strandenes har også studert skulpturkunst i Italia. Det er det spor etter i bilda. Dei uendeleg mange laga i bilda ber ikkje berre spor av lag på lag av måling, i ulike fargenyansar, men også marmormjøl, som skaper ein plastisk djupne, som endrar seg alt etter korleis lyset fell inn.

I krysningspunktet mellom abstraksjon og figurastjon opppstår Strandenes’ kunst. Titlane på bilda er nok meir konkrete enn bilda, og kan forlede betraktaren til å tru at det er gjenskaping av konkrete landskap. Det er det nok ikkje, slik god kunst skal vere.

Bjørn Strandenes er ingen samtidskunstnar. Han er ein kunstnar i si tid.

Det trur eg vi vi skal vere glade for.

Lykke til med utstillinnga.